Det er snart fem år sidan jubelen stod i taket i Paris. Etter fem kaotiske år for klima, er det no lys i tunnelen.
Grunn til optimisme
Tvert om kan det kome til å vise seg at pandemien blei vendepunktet, at me aldri meir får sjå så høge utslepp som i 2019. Det er mange grunnar til slik optimisme:
- utsleppa har i fleire år flata ut ved at fornybar energi erstattar ulønnsam kullkraft.
- prisfallet på fornybar går langt raskare enn ekspertane vågde å spå for få år sidan.
- finansmarknaden har snudd seg rundt, pengane strøymer frå fossilt til fornybar.
- land etter land strammar inn på politikken for å overhalde Paris-avtalen.
- pandemien vil truleg ha langvarige effektar på folks reise- og arbeidsvanar.
Mange land har peika på at når ein skal gjenreise økonomien etter pandemien, må det gjerast på ein meir berekraftig måte.
EU har lansert sin «Green Deal». Europa skal i løpet av 30 år vera verdas første klimanøytrale kontinent. Og legg vekt på at omstillinga skal opplevast rettferdig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar